Enno ein gong, eller meir eksakt, for femte gang, har Tiramisu greid å få med ein skrivetravel Edvard Hoem til Roma. Tidleg vår, frå 14. – 19. mars 2019 kan du få vere med. Dette blir ein litterær tur, der Hoem vil fortelje om Bjørnstjerne Bjørnson, Henrik Ibsen, August Strindberg og fleire av dei nordiske kunstnarane som let seg inspirere av denne vakre byen. Hoem vil ause av kunnskapane sine om dette emne, og ein av dagane byd han på sitt eige liv og forfattarskap. 
I tillegg er Tiramisu sin dyktige reiseleiar og Roma-kjenner med; Marianne Schibbye Bergesen.  Ho vil fylle ut biletet Hoem teiknar, gi oss kunnskap om Roma, fortelje om byen under keisarane og  vise oss mange av teikna frå antikkens og barokkens storverk under dei daglege vandringane me tek i Roma sine gater og smug.
 

PROGRAM

Dag 1:

Avreise med fly fra Stavanger kl. 11.55, Oslo kl. 09.20 med KLM via Amsterdam. Ankomst Roma kl. 16.25.Vi blir henta av eigen buss på flyplassen i Roma og kjørt til vårt hyggelege hotell, som ligg like ved Spansketrappane.

Samling med eventuelt foredrag v Hoem før middag på restaurant i nærleiken av hotellet. 

Dag 2: 

Pantheon.jpg

Frukost til kl. 09.30. Miniforelesning v Marianne om antikken i Roma i frukostsalen. Vi går samla via Pantheon til Kapitol og ser utover Forum Romanum. Lunsj på eiga rekning.  Kl.17.30 vil Edvard Hoem halde foredrag om Nordiske kunstnarar i Roma. Thorvaldsen, Ibsen, Strindberg.

Kl. 19.30 går vi frå hotellet til middag i byen. 

 

 

 

 

Dag 3:

2014-10-25 12.06.36.jpg

Frukost til kl 9.30 Deretter går vi til Keats house, som ligg oppe ved Spansketrappane. Her vil Marianne gi oss ei forelesning om Sigrid Undset og kunstnarlivet i Roma. Etterpå går vi til Monte Pincio og beundrar den vakre utsikten over byen med Peterskyrkja i det fjerne. Det blir picnic i parken om veret tillet det.
Om ettermiddagen går vi til Trastevere, det gamle kunstnarkvarteret. I Trastevere ligg Skandinavisk Forening. Der vil Edvard fortelje og lese frå eige forfattarskap.
Felles middag på hyggeleg restaurant i Trastevere
 

 

 

Dag 4: 

Edv på Cafe Greco (2).png

 Etter frukost går vi til den kjente Cafe Greco, som var dei   nordiske diktarane sin stamkafe.  Der får vi ein kaffikopp, og   Edvard Hoem fortel oss om Bjørnson sitt opphald i Roma.   Etterpå får vi sjå der   Bjørnson, Sigrid Undset og Ibsen budde.   Lunsj på eiga rekning.
 Ettermiddagen fri, eller vere med Marianne på ei lita Caravaggio-vandring.
 Felles middag på hyggeleg restaurant i nærleiken av hotellet om kvelden. 

 

 

 

 

Dag 5: 

P1090483.jpeg

Denne dagen startar vi med ei tidleg vandring på pilegrimsvegen til Peterskyrkja. Det blir lunsj på eit pizzeria i nærleiken. Marianne fortel om det kristne Roma undervegs. På heimvegen kan vi gå innom kyrkja S. Carlo al Corso og sjå på Olavsalteret. 
Forelesing v E. Hoem om ettermiddagen.
Om kvelden blir det avskjedsmiddag på eit nonnekloster midt i byen. 
 

 

Dag 6:

Fri formiddag og lunsj på eiga rekning. Buss til flyplassen etter lunsj, avreise kl. 17.15 med mellomlanding i Amsterdam. I Oslo kl. 22.20, i Stavanger kl. 22.40.    

PRIS: kr. 16.200, enkeltromstillegg kr. 1800.

Dette inkluderer:

- Flyreise m. flyskattar frå Oslo
- Transport til og frå flyplass i Roma
- Dobbeltrom m frukost på godt og sentralt hotell ved Spanskeplassen
- Middag på hyggelege restaurantar i byen kvar kveld.
- Ein picnic og ein pizzalunsj
- Forfriskningar på Cafe Greco
- Forteljarstundar med Edvard Hoem fire el fem ettermiddagar
- Marianne Schibbye Bergesen er med som litterær vegvisar og kjentmann saman med leiar i Tiramisu.
Vi kan skaffe flybillettar frå andre plassar i landet mot eit lite tillegg.
Depositum kr. 3000 vert fakturert ved påmelding. Valutaforbehold.          
Max antall personer: 30                                
Derfor; rask påmelding!                                                                                                                         
 

som i passet
ikke bruk +
som i passet
ikke bruk +